I natt reiv nokon ned Pride-flagget eg og @tuvafellman hang opp utanfor huset. Dei sette fyr på det, og la det for å brenne framfor inngangsdøra vår. Eg vart brått usikker på om eg ville dele dette, for det følast så tett på, ubehageleg og ekkelt. Men når nokon set fyr på vår markering av likheit og menneskeverd, får eg skikkeleg behov for å markere enno meir. Når Pride-flagga pakkast ned, og regnbogane forsvinn frå firmalogoane på sosiale medier i juli, må vi hugse på å fortsette å vera rause, og behandle alle rundt oss med respekt og verdigheit. For kun på den måten kan vi bevege samfunnet mot noko betre og tryggare for alle. Og til alle som spør om vi framleis treng å markere Pride i Norge i 2021, er nattas flaggbrenning framfor døra vår eit tydeleg bevis på at det er høgst naudsynt.
Festdag i livet! Eg har fått koronavaksine! Det føltest så stas. Og som eit fysisk bevis på at normaliteten er på veg. Klemmar, hyggjelege lag, utepilsners med gode vener i sommarsol. Det ligg der og lursr i horisonten.
Ohlala! Mi fyrste øl på fat, på bar, sidan september!
Eg og @tuvafellman kosa oss enormt, og eg syns det var sjukt stas å få vera @niklasbaarli sin forlover då han og @benjaminsilseth vart ekte ektefolk i går. Og for ein episk fest dei skipa til for å feira kjærleiken! Ein draumedag!

Det vart eit annleis år, fylt av uvisse, redsel og mørke. Men her, inni vårt vesle hus, har vi aldri opplevd noko større. Her har vore varme, gledestårer og totalt kaos. Og ein eim av sur melk. Både der ute, og her inne, skal nok alt vere rart ei stund til. Men eg håpar 2021 etterkvart viser seg å vera både nært, fint og varmt. Godt nytt år, då du!

Trivsel med Tuva i Toscana!
Dei fyrste dagane i pappaperm har bydd på mange koppar deilig kaffi, vårstemning og berre ein runde hysterisk gråt! Dette biletet tok eg for å minne meg sjølv på at det stort sett går bra, dette nye livet.
Det er på tide at ein tjukk fyr får lage helse-tv! «Eit feitt liv» handlar om kropp, fedme, burger og øl. Og jakta på eit feitt liv, som òg kan vare lenge. Håpar serien fell i smak! I NRK TV no!
Gratulerer med dagen! Den vart fin i år òg. Tre typar kake, kaffi og eit par iskalde birras i gode veners lag.
Nybakt mor på kafé.
@tuvafellman fyller år, og har fått kake som fortent!
@tuvafellman fyller år, og har fått kake som fortent!
Godt nyttår, alle saman! Klem frå to nybakte bålpanneeigarar, som hadde småbarn- og koronavennleg feiring i hagen frå fem til halv sju.
To gladlaksar på bryggerestaurant.
Tuva på trilletur.
Vår vesle familie tuslar gjennom rolege sommardagar i hovudstaden. (Og Tuva fortel om kor sjuuukt fort det går å ake korketrekkeren. Eg foretrekk sommarversjonen til fots.)
God helg frå to gladlaksar som nett har lagt ut ny episode av «I karantene»!
Eg og dette søte villsvinet kosar oss i den toscanske sola, og håpar alle får ei fin veke!
God helg! Hugs å kose deg! 📷: Monica Strømdahl, @amagasinet
Eg føler at alle er ganske lei no, av at verden er så himla mørk. I fjor skreiv eg ei bok som skal inspirere til meir ljos og hygge i livet. Og det treng vi no! Så: del din favorittrett i kommentarfeltet. Den som får grå tysdag til å følast som den beste fredag! Eg plukkar ut fem som får bok i posten! Og hugs at det er på dei grå dagane ein har mest behov for ein god middag. ❤️ #reklameforeigabok
Boka mi er ekte! Ute i bokhandlar over heile landet, og på veg til alle som har bestilt. Eg er sjukt stolt av den, og syns den vart skikkeleg fin. Tusen takk til legendene @stinelinstad @ninacsmed @idabrusmaskin @tomarius @kamillamoe og @agnete_brun for at den lange, surrete teksten min om helg, kos, birras, taco og alt anna som er digg i livet, til slutt vart til boka «Lukk auga og tenk på taco». Eg håpar den fell i smak, og at den inspirerer til helg heile veka.