Ronny Brede Aase

Ronny Brede Aase Instagram – 2021 er det raraste hittil! Fordi det har romma så mange ulike kjensler samstundes, på ein måte eg ikkje har opplevd før.
Som å sjå mi fantastiske dotter bli meir og meir menneske, medan vi ventar i endelaust ubehag på Tuva sine kreftprøvesvar. Å bli både rørt og livredd på same dag. Fordi livet i vår vesle familie både har føltest så perfekt vakkert, og så endelaust skjørt.

Sommaren 2021 var ein graut av uvisse, barnelatter, mamma vekke på sjukehus. Og til slutt; friskmelding og ferie.

Her heime har vi vore klare for å bli ferdig med 21. Avslutte kapittelet, kaste det på bålet, aldri sjå oss attende. Difor blir eg litt overvelda når eg no tenkjer over korleis året faktisk har vore. Fo vi har byrja i nydeleg barnehage, og i nye, fantastiske jobbar. Vi har hengt på Vestlandet, i Toscana og heime i vårt vesle hus. Og sjølv om der har vore rikeleg med dritdagar, har overraskande mange vore fine òg.

Eg kjenner meir enn nokon gong før, at eg elskar problemfrie kvardagar her i dette vesle, humpete livet. Så lenge eg får leve det med min fine familie og gode vener, er eg lukkeleg. Eg håpar vi alle får eit 2022 fylt av friske, problemfrie kvardagar. Godt nytt år! | Posted on 04/Jan/2022 01:13:49

Ronny Brede Aase
Ronny Brede Aase

Check out the latest gallery of Ronny Brede Aase